
Film for CSL / CSL PEAK GROUP
For ein av våre faste kundar, dokumenterte med eit av skipa deirans som lasta mineraler på Eidsnes, nord for Bergen. Prosjektet visar skipet CSL MV Flexvik.
16. juli 2026

Operatørtillatelse
UAS VOSS AS fekk i dag godkjent ny operasjonstillaltelse for operasjoner i spesifikk kategori, med to ulike SORA for ulike typer operasjoner. Våre sora er basert på versjon 2.5, og med god hjelp frå Dronekompaniet har me navigert oss trygt gjennom dokumentasjon og søknadsprosess. Veldig positivt overraska over Luftfartstilsynet sin kommuikasjon og hjelp i prosessen. For UAS VOSS er det viktig å ha eigen operasjonstilllaelse, sjølve om andre modeller er fristande. For oss handler det om eigarskap, ansvar og at me tek dette seriøst. Me bruker også AviSafe som system for å ha kontroll på sikkerhet, planlegging og utførelse av drone operasjoner. Anbefaler deg å ta ein kikk på dette! Treng du ein dronekar eller to, gje ein lyd, me er som alltid klare og positive!
25. juni 2026

Prosjekt Boliden
Zinken, som det vert kalla av oss lokale, eller sinksmelteverket i Odda, vart etablert allereie på 1920-talet, og er Noregs einaste sinkprodusent. Med betydelege oppgraderingar gjennom prosjektet kalla Green Zink Odda 4.0, er fabrikken rusta for framtida, med mål om å auke produksjonskapasiteten med 75%. Produksjonen nyttar fornybar vasskraft frå Tyssedal, noko som gir eit lågt klimaavtrykk i ein elles energikrevjande industri. I den nye lagerhallen for Odda Leach Product (OLP), der materialar vert lagra før sal og eksport, har me gjennom eit testprosjekt no faste oppdrag kvar månad med å skanne massane for å berekne volum. Dette er viktig for at Boliden Odda skal ha god kontroll på kva som er i hallen ved kvar månadsslutt. Utfordringa med oppgåva var å finne ei løysing som var effektiv, sikker og nøyaktig. På grunn av konstruksjon av bygg, var det både ekstremt kostbart og usikkert om stasjonere løysningar med lidar e.l. ville gje dei resultat dei var ute etter. Me vart utfordra, og n
11. juni 2026

Wilson Flex - film for Wilson!
Me har klippa/ produsert denne for Wilson i desember. Opptaka vart gjort av videograf i Nederland.
26. mai 2026

Film til Scan-Shipping Bergen
I september 25 var me i Ålvik og tok opptak av skipet Scan Fjell for Scan-Shipping Bergen AS. Eit morsomt oppdrag på Elkem Bjølvefossen, der me dokumenterte det unike skipet for oppdragsgiver! Dette er fyrste prosjekt der me har nytta drone og 360 kamera inni båt:) Me takker Scan-Shipping for tilliten, og ser fram til fleire oppdrag saman!
26. mai 2026

Ny logo
Ny profil Saman med Logolink har me laga ny og oppdatert logo, som med nytt og illustrerande icon som henter inspirasjon frå drone og propellere, skaper eit nytt utrykk for UAS VOSS AS. Dette er eit ledd i utvikling av ny og tydeligere grafisk profil, som me håper vil vise godt igjen og skape kjennskap!
16. mars 2026


