Zinken, som det vert kalla av oss lokale, eller sinksmelteverket i Odda, vart etablert allereie på 1920-talet, og er Noregs einaste sinkprodusent. Med betydelege oppgraderingar gjennom prosjektet kalla Green Zink Odda 4.0, er fabrikken rusta for framtida, med mål om å auke produksjonskapasiteten med 75%. Produksjonen nyttar fornybar vasskraft frå Tyssedal, noko som gir eit lågt klimaavtrykk i ein elles energikrevjande industri.
I den nye lagerhallen for Odda Leach Product (OLP), der materialar vert lagra før sal og eksport, har me gjennom eit testprosjekt no faste oppdrag kvar månad med å skanne massane for å berekne volum. Dette er viktig for at Boliden Odda skal ha god kontroll på kva som er i hallen ved kvar månadsslutt. Utfordringa med oppgåva var å finne ei løysing som var effektiv, sikker og nøyaktig. På grunn av konstruksjon av bygg, var det både ekstremt kostbart og usikkert om stasjonere løysningar med lidar e.l. ville gje dei resultat dei var ute etter.
Me vart utfordra, og nytta vår Terra Xross1-drone, som blant anna har ein svært bra og nøyaktig Lidar-sensor, til å gjere nokre flygingar inne i hallen for å kartlegge. Dette har me no gjort med fleire høve, og resultata er gode. Med lidar-data får me tatt volumberekningar av mineralmassane – på ein sikker, effektiv og nøyaktig høve.
Utfordring med å flyge i ein hall med finstøv-massar, er svevestøv med små partiklar. Terra Xross1 klarer dette utan store problemer, og viser til svært gode flyeigenskapar i slike miljø!
Me gler oss til vidare samarbeid med Boliden Odda AS, og takker for tilliten!
Xross1 er ei spesial drone utvikla og produsert i Japan for innandørs inspeksjonar og kartlegging. UAS VOSS er forhandlar og leverandør av denne, i tillegg til me utfører oppdrag rundt i Noreg.
Ta gjerne kontakt med oss om du vil lære meir om denne, eller kva me kan hjelpe deg med!





