Kva gjer me?

Inspeksjon

kartlegging

søk
film
foto
timelapse

content....
Kva treng du hjelp til?


Inspeksjon

 

Inspeksjon i forbindelse med bygg/tak, veg, infrastruktur/konstruksjonar, fjell/ras og andre utsette stader m.m. Kva det enn måtte vera, så kan drone vera eitt svært effektivt verktøy, som gjev deg høgkvalitets foto, eller video, til analyse.

 

Droneinspeksjon kan utførast heile året, i både regn, sludd, snø og vind opptil 15 m/s. For enkelte typar inspeksjonar, som tak på bygningar, solcellepanel eller kraftlinjer, nyttar me og FLIR kamera (termofotografering) for å registrera temperatur. På dei fleste oppdraga, vert drone som Dji Matrice 300 eller mindre Mavic 3 Enterprise / 3 Pro nytta.


Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du lurar på noko i forhold til dette!

 

Kartlegging

 

Kartlegging med drone som ortofoto/fotogrammetri, 3D modellering, overflatemodellar (DSM), Terrengmodellar (DTM), geo-refererte punktskyer eller kartlegging med Lidar/laserskannar.


Uansett kva du treng, så kan me bistå med kartlegging.
Etter datafangst, vert som regel data prosessert i Dji Terra eller Pix4D – og du som kunde får resultat i det filformat som passer for videre prosess. Me kan bidra på små og store jobbar, ta kontakt for meir info.

 

Søk

 

UAS VOSS kan bistå med søk etter sakna dyr eller menneske med avansert drone med «varmesøkande» kamera (FLIR).
I desse tilfella kan me fly i regn, lett snø og vind, og sjølvsagt i mørke og nattestid.

Med varmesøkande kamera (FLIR) har ein betre moglegheit til å kunne gjera treff, sjølve i stummande mørke. Drone har ein stor fordel i forbindelse med søk, då me kan rekke over store områder, og ikkje minst vere raskt ute og for å bistå.

Har du behov for hjelp, ring 98886070.

 

 

Film

 

UAS VOSS kan tilby bistand med drone til filmproduksjonar m.m., eller levere komplette produksjonar av film til typisk bedrifter, organisasjonar m.m. Markedets beste filmdroner som Dji Mavic 3 Pro og Inspire 3, samt diverse Sony fullformat kamera, kan med bistå med smått og stort. Me kan lage dokumentarar, dokumentasjonar, reklamefilmar, innhald for sosiale media og demo produkt m.m.


Ta kontakt om du vil laga film, eller treng drone til din produksjon!
Dronene er klar! - sjå meir om film og tidligere prosjketer her

 


Foto

 

Me tilbyr det meste innan foto tenestar, som eigedomsfoto, bedrifts- og event foto, produktfoto, miljøfoto, dokumentasjon osv.

Med brei erfaring, gode samarbeidspartnere og profesjonelt utstyr for foto, samt markedes beste kamera droner, gjer me det me kan for at du vert fornøyd! Me er fleksible, og sitt du og lurer på noko, ikkje nøl med å ta kontakt.

UAS VOSS samarbeider med erfarne og dyktige fotograf Kaisa Tiivel (www.kitifoto.com), som blant anna er erfaren sports. og bryllaupsfotograf! Ta kontakt, så lage me ein plan saman!  

 

Timelapse

 

For korte eller langvarige prosjekt, er timelapse ein morosam og artig måte å dokumentera på! Timelapse video kan brukast i mange samanhengar, og kan takast både med drone, men og med kamera som står fast på lokasjon over tid! Me nyttar blant anna timelapse kamera frå anerkjente Tipee by Enlaps, som er blant det beste ein får til timelapse opptak.


Kamera kan til dømes stå på ein anleggsplass, og dokumentera eit prosjekt over lang tid, og samstundes fungere som overvaking kamera. Kamera me nytter er sjølvforsynt med straum og eige nett, og lastar kontinuerleg bilete opp til eigen server, eventuelt også til di eige nettside.


Me nyttar også andre løysingar for å produsera timelapse, eller hyperlapse – så ta gjerne kontakt om dette er noko du tenkjer på

SoMe/content

 

Treng du innhald til bruk i marknadsføring, så kan me kanskje vere ein god partner å sparre med! Med muligheter for foto, video og anna rådgivning innanfor marknadsføring, med bakgrunn i lang erfaring frå salg, marknadsføring, drift og ledelse, sitt me kanskje med noko av den erfaringa du kan nytta for di verksemd!


UAS VOSS er ikkje eit marknadsførings foretak, men kan i mange samanhenger vere god lagspelar for deg! Ta kontakt, så tek me ein kaffi eller Pepsi Max, og ser om me finn tonen og retning for eit eventuelt samarbeid!


Å navigera i sosiale media er ikkje enkelt, og som bedrift kan det nokon ganger vere svært lurt å prioritere dette – og ikkje minst lage innhald som passer til dei ulike formata! 

 

Med brei erfaring
frå fleire ulike droneoppdrag, frå søk/SAR, inspeksjoner, arbeid med ras og flom, film produksjonar, kartlegging - med ekstremt mykje flytid på alle mulige destinasjoner, er UAS VOSS ein trygg og fleksibel partner! 


Me flyg i spesifikk klasse, i tett samarbeid med Noregs største droneoperatør, Romvesen AS. Gjennom dette samarbeidet kan du som kunde vere trygg på at me operer og utfører våre oppdrag innafor regelverk og i henhold til operasjonsmanual.

Sikkerhet er alltid fyrste prioritet, både for pilot, drone - og andre involverte parter. For arbeid på byggeplasser og industriområder, fylgjer med alltid dei HMS føringer som satt, og i tillegg sørger me for varsling i forkant saman med deg som kunde. 



Alt av droner er forikra i samsvar med EC 785/2004. 




Me er fleksible, løysingsorienterte og svært opptatt av å gjere deg fornøyd med tjenestande våre! Ta kontakt på epost, chat, sms, per telefon - når som helst!


Ha ein super dag,


Kenneth Kleppe, UAS VOSS AS
Tlf 98 88 60 70
Epost: kenneth@uasvoss.no