
Ny logo
Ny profil Saman med Logolink har me laga ny og oppdatert logo, som med nytt og illustrerande icon som henter inspirasjon frå drone og propellere, skaper eit nytt utrykk for UAS VOSS AS. Dette er eit ledd i utvikling av ny og tydeligere grafisk profil, som me håper vil vise godt igjen og skape kjennskap!
16. mars 2026

Terra Drone & UAS VOSS
Pressemelding frå Terra Drone Pressemelding fra Terra Drone, les mer her: https://terra-drone.net/global/2026/02/17/terra-drone-signs-distribution-agreement-with-uas-voss-for-terra-xross-1/
17. februar 2026
2 nye år med Sygnir AS
UAS VOSS AS og Sygnir AS har fornya driftsavtale til å gjelder 2026 og 2027, ein forlengelse på 2 nye år! Etter å ha inspisert fleire hundre km med kraftlinjer, samt IR skanninger, beredskaps arbeid og kartlegging, har Sygnir AS valgt oss som partner for dei neste åra! Me er stolte for tilliten og samarbeidet med har med Sygnir, og Sognekraft som er ein del av konsernet! Ser fram til ny vår og sommar i verdas vakraste omgivelser!
26. januar 2026

Xross 1 i action
Dji Enterprise / Heliboss i Chile har laga ein liten video som viser Xross 1 i bruk under inspeksjon i rørgater.
3. januar 2026

Artikkel til Geoforum "Posisjon"
I siste utgave av Posisjon, utgitt av GEOFORUM, har eg bidratt med ein artikkel som går på bruk av droner og generelt om regelverk. Dette er eit tema som eg er opptatt av, og her kunne eg ha drøfta side opp og ned, men måtte begrensa meg:) Uansett er det kjekt å bli spurt og kunne bidra, og ta ein kikk på magasinet Posisjon om du har tid! Les artikkel her: https://issuu.com/geoforum/docs/posisjon_2025-4_7ea2ee12855205/s/141700796
8. desember 2025

Nye Voss hovedbrannstasjon
UAS VOSS har vore med på litt av reisa med å få på plass ny hovedbrannstasjon på Voss, og har dokumentert dette med timelapse og drone. Sjå ein av filmane her som vart laga til opningsdagen saman med Voss Herad!
8. desember 2025


