
TerraDrone Xross 1 er her!
Me er kjempe stolte over å dele at me no er forhandler av japanske Terra Drone si Xross 1 drone for innvendige inspeksjoner! Med denne drona vil inspeksjoner og kartlegging innvendig, i alt frå rørgater, tunneller, tanker, farlige bygg m.m. verte utført på ein sikker og svært effektiv måte! Me både sel, og utfører oppdrag med denne, så ikkje nøl med å gje oss ein lyd om dette er noko for deg! Xross 1 er kompakt, effektiv og prisgunstig i forhold til andre tilsvarande modeller på markedet, og har vore gjennom grundig beta testing rundt om i verda før den no vert lansert i Q4. Oppdateringer og meir materiale kjem, så følg med! Sjekk ut meir om Xcross 1 her: https://www.uasvoss.no/terra-xcross-1
24. oktober 2025

Pssst! Noko spennande på gang i UAS VOSS!
Følg med.. me gler oss til å publisere ein spennande nyhet om nokre veker!
13. oktober 2025

Avdeling Odda!
Har du fått med deg at me har avdeling i Odda? Saman med Robin Mæland og AeroLink Services har me eit samarbeid og felles kontor i hjerta av Odda! Dette er ei satsing for vidare vekst, samt at me styrkar våre tjenestar i fjorden. Område Ullensvang, Røldal og videre inn mot både Telemark og sørover er viktige områder for oss, og me ynskjer å kunne kome både lettare og raskare til. Me er i oppstarten, me utvikler oss og me satser på dronebransjen. Me er allereie godt etablert og flinke på inspeksjoner, kartlegging, beredskap og media! Treng du rådgivning, opplæring, kursing - så ta ein prat med oss! Håper me ser deg - og treng du nokre dronekarer, gje oss ein lyd!
4. september 2025

– Dette er framtidas måte å inspisera straumnettet på
– Drone gir oss betre oversikt, raskare feilretting og mindre belastning på både mannskap og natur. Me meiner dette er framtidas måte å inspisera nettet på, seier Per Olav Opheimshaug i Sygnir. Etter eit vellukka testprosjekt i fjor satsar nettselskapet no vidare på dronebefaring i samarbeid med UAS Voss. Droneinspeksjonane vert utførte av Kenneth Kleppe i UAS Voss, som også stod bak prøveprosjektet i 2024. Kleppe inspiserer planlagte strekkjer som middel for å avdekkje feil og vurdera tilstanden på nettet. – Dette bidreg til at Sygnir kan planleggja vedlikehald meir effektivt og presist, sler Kleppe fast. Sparer tid og reduserer risiko Med over 2300 kilometer linjenett – mykje av det gjennom bratt og ulendt terreng – er Sygnir avhengige av effektive verktøy for både tilsyn og drift. Rundt 560 kilometer av nettet går som høgspent luftlinjer, og mange av desse ligg i område der det er vanskeleg å ta seg fram til fots. I snitt rekk droneoperatørane å dokumentera mellom 20 og 40 kilometer
27. august 2025

Prøveprosjekt til fast oppdrag!
Eit svært godt samarbeid som har gjeve gode resultat saman med Sygnir og Sognekraft. Me er stolte av samarbeidet, og stor trivast med å arbeida i eit av verdas vakraste og brattaste terreng! Kontakt oss om du treng hjelp til inspeksjon! Me er klare:) Link til Sogn Avis: https://lnkd.in/d7RgZkJf
6. august 2025

Drone med FTS & fallskjerm
Nokre ganger har me behov for å fly droner i tett befolka områder. For å kunne gjere det på ein trygg og lovlig måte, har me ustyrt blant anna denne Dji Mavic 3Pro drone med fallskjerm og FTS system. Det betyr at skulle noko skje med drona i høgda, vil den kutte motorer, og utløyse fallskjerm og lande mjukt. Utan å skade noko eller nokon. Det er å redusere bakkerisiko til eit minimum! Fallskjermen og FTS systemet er levert av Droanvia! Gje oss ein lyd om du treng ein droneoperatør, me er klare!
17. juni 2025


